+47 61 21 16 00
|
post@klimapark2469.no

Bli med inn i ein 375 kvadratmeter handhogd istunnel fylt med is-skulpturar og arkeologiske skattar. Ei oppleving med gåsehudgaranti! Kvar dag frå midten av juni til midt ut i september, kan du bli med på ei vandring i høgfjellslandskapet og inn i istunnelen. På vegen lærer du om jakthistorie, klimaendringar, tinande permafrost, smeltande snøfonner og dyra og plantane som overlev i dei barske fjella. Etter turen inn i den unike istunnelen, får du sjå nærare på isbreen Kjelbrean. Turane startar ved Juvasshytta ved foten av Galdhøpiggen.

Guida tur i Klimapark 2469

Bli med inn i isen i ein 375 kvadratmeter stor handhogd istunnel like ved Galdhøpiggen. Skulpturane og lyssettinga tek nesten pusten frå deg. På vegen til tunnelen lærar du om forhistorisk jakt, klimaendringar og dyra og plantane som overlev i dei barske fjella. Du får sjå tinande permafrost og smeltande snøfonner på nært hald, og lærer om dei sensasjonelle arkeologiske funna som har smelta fram frå isen. Gratis for barn under 4 år.

Tilleggsinformasjon

Meir om guida tur i klimaparken
Klimapark 2469 er eit utandørs opplevingsområde cirka 1850 meter over havet med guida turar i sommarsesongen. Den guida turen startar ved det første skiltet ved gangbana, rett over vegen for parkeringsplassen ved Juvasshytta. Merk at istunnelen berre er tilgjengeleg med guide. På den nær 1 kilometer lange turen langs gangbana over Juvflye og permafrosten lærer du om klima, historie, geologi og biologi i høgfjellet. Det er om lag 2 kilometer å gå tur/retur. Turen blir avslutta i den vakre istunnelen i Juvfonne. Tunnelen er hogd inn i isen med gangar og rom og har ein kinosal. Totalt tek den guida turen i Klimapark 2469 om lag 2 timar. Det er viktig å kle seg varmt på ein guida tur i Klimapark 2469. Det er kring -3 grader i istunnelen. Vi anbefaler: varm jakke og bukse, ein fordel om dei er vind- og vasstette, lue og vottar, ullundertøy, sko som passar for fjelltur, for eksempel fjellsko eller vintersko. Vêret kan endre seg fort oppe på høgfjellet, og det kan til og med komme snø i juli. Vi vil oppfordre alle våre besøkande til å sjekke vêrmeldinga på førehand, slik at de reiser trygt. Du kan til dømes søke opp "Juvasshytta" på yr.no. Vegen opp til Klimaparken er eigd av Juvasshytta og er Noreg sin høgastliggande veg. Den guida turen i Klimapark 2469 foregår på cirka 1850 moh. Vegen er ilagt bomavgift som du kan betale i automaten på parkeringa ved Juvasshytta. Bil med campingvogn er ikkje tillete, men campervan er greitt.

Følg fylkesveg 55 frå Lom sentrum. Følg skilting til Juvasshytta. Med bil tek turen frå Lom til Juvasshytta omlag 45 minutt. Du kan også ta buss frå Lom sentrum til Juvasshytta. Avgangar og billettar finn du her https://entur.no/

  • 375 kvadratmeter istunnel
  • snøfonner og permafrost 
  • fonnefunn og klimaendringar
  • tur for heile familien

Reiserute

  1. Fossbergom
  2. Galdbygde
  3. Juvasshytta
  4. Istunnel/ ice tunnel