Please note that credit card payments for Klimapark 2469 are collected by TREKKSOFT AG, Hauptstrasse 15, 3800 Matten, Switzerland (“TREKKSOFT”). Therefore, TREKKSOFT will appear as KLIMAPARK on your credit card statement for the payment of this booking. The domain where you enter and process your payment is owned and operated by TREKKSOFT.
Please send an e-mail to finance@trekksoft.com for all inquiries regarding your credit card payments and chargebacks.
Avbestilling og refusjon
Klimapark 2469 er eit utandørs opplevingsområde på 1800 moh. Dei guida turane går uavhengig av vêrforholda. Avbestilling må gjerast minst tre døgn (72 timar) før turen startar.
Praktisk informasjon
Møt opp ved det første skiltet ved gangbana, rett over vegen ved parkeringsplassen ved Juvasshytta
Frå Lom følger du fylkesveg 55 i retning Sogndal. Følg skilting til Juvasshytta. Køyreturen tek omlag 45 minutt frå Lom sentrum. Vil du heller ta bussen? Du finn ruter for Lom sentrum - Juvasshytta på https://entur.no/
Ta med varme og vindtette klede, lue, vottar og gode sko. Turen går utandørs og inn i istunnelen der det er ca. -2℃.
Den guida turen tek omlag 2,5 timar, og går fyrst i underkant av ein kilometer langs tilrettelagd gangbane over Juvflye. Her fortel guiden undervegs om vêr og klima, geologi, dyreliv, flora og historie. Til sist går turen inn i istunnelen. Her ser du ein film før du kan utforske isen på eige hand.
Med billett i Klimapark 2469 får du 30 % rabatt på utstillingar og vitensenter på Norsk fjellsenter i Lom sentrum.
Har du spørsmål?
Send oss ein e-post til post@klimapark2469.no eller ring oss på 61 21 16 00. Ta kontakt om du vil avbestille turen, så hjelper vi deg.