Utstillinga Bergtatt på Norsk fjellsenter i Lom sentrum.
Fjellpionerar og fonnefunn. Fjellvikingen sitt sverd. Friluftslivet frå Slingsby til selfiestang. Fangst og ferdsel. Interaktivt fjellvitensenter og vêrrom. Myter, fjelleventyr og mammuten med mammutkalven Dima. Bli BERGTATT i utstillinga som let deg oppleve høgdepunkta i fjellhistoria på eit fat.