+47 61 21 16 00
|
post@klimapark2469.no

Guida tur i Klimapark 2469 - KUN ENGELSK

Bli med inn i isen i ein 375 kvadratmeter stor handhogd istunnel like ved Galdhøpiggen. Skulpturane og lyssettinga tek nesten pusten frå deg. På vegen til tunnelen lærar du om jakthistorie, klimaendringar og dyra og plantane som overlev i dei barske fjella. Du får sjå tinande permafrost og smeltande snøfonner på nært hald, og lærer om dei sensasjonelle arkeologiske funna som har smelta fram frå isen.

Tilleggsinformasjon

Meir om guida tur i klimaparken
Frå juni-september har vi daglege guida turar i klimaparken og istunnelen. Klimaparken er eit utandørs opplevingsområde 1800 meter over havet med dagleg guiding i sommarsesongen. Guiden møter deg og resten av gruppa ved Juvasshytta ved Galdhøpiggen. På den nesten kilometerlange turen langs gangbana over Juvflye fortel guiden om klima, historie, geologi og biologi i høgfjellet. Turen blir avslutta i den vakre istunnelen i Juvfonne. Tunnelen er hogd inn i isen med gangar og rom og har ein kinosal. Etter besøket i istunnelen kan du på eige hand ta turen langs stigen bort til utkikkspunktet mot Kjelbreen. Guiden tilpassar informasjonen til gruppa, og gjer turen spennande og lærerik også for ungar. Totalt tek den guida turen om lag 2,5 timar. Merk at istunnelen berre er tilgjengeleg med guide. Ta med fjellsko/ varme sko, vindtette klede, lue og vottar på turen i klimaparken – temperatur, vær og vind skiftar raskt her oppe. Bestill billett her for å bli med på tur!

Følg fylkesveg 55 frå Lom sentrum. Følg skilting til Juvasshytta. Med bil tek turen frå Lom til Juvasshytta omlag 45 minutt. Frammøte for guida tur på Juuvasshytta. Du kan også ta buss frå Lom sentrum til Juvasshytta. Avgangar og billettar finn du her https://entur.no/

  • 375 kvadratmeter istunnel
  • snøfonner og permafrost 
  • fonnefunn og klimaendringar
  • tur for heile familien

Reiserute

  1. Fossbergom
  2. Galdbygde
  3. Juvasshytta
  4. Istunnel/ ice tunnel